Aaland arkitektkontor søker ny daglig leder. Stryn - Stryn.

Publisert:
02.10.2018
Ansettelsesform:
Heltid
Kontakt:
Tor Forde
Telefonnummer:
+47 480 04 826

Detaljer

Publisert:
02.10.2018
Sted:
Stryn, Sogn Og Fjordane
Kategori:
Bygg og anlegg
Ansettelsesform:
Heltid
Søknadsfrist:
30.11.2018
Kontakt:
Tor Forde
Telefonnummer:
+47 480 04 826

Beskrivelse

Vi ønskjer at du:
  • Har engasjement og trivast med høgt tempo.
  • Har motivasjon og idear for å utvikle og drive eit etablert arkitektkontor vidare.
  • Leiarerfaring er eit pluss
  • Er utdanna sivilarkitekt.
  • Har 5 års relevant yrkeserfaring innan arkitektur
  • Har stor interesse for og god kunnskap innanfor programvare tilknytt fagområdet.
  • Har gode evnar og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Har gode leiareigenskapar.
  • Har gode evnar til skriftleg og munnleg framstilling på norsk.
 
Vi kan tilby:  
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode utviklingsmoglegheiter
  • Muligheit til å lede og utvikle ei veletablert bedrift vidare
  • Spanande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde
  • Ein arbeidsplass med fokus på miljø – både fagleg, i utføring av arbeidsoppgåver og sosialt
  • Naudsynt støtte og ev opplæring
  • Konkurransedyktige tilsettingsvilkår
  • Flotte lokalar i Stryn sentrum
  • Heimekontor. For erfarne og sjølvstendige kandidatar, kan det vere aktuelt å etablere satelittkontor andre stader i landet, med faste arbeidsdagar på kontoret i Stryn. 
Då vi også er på jakt etter ein sivilarkitekt med mindre erfaring, eventuelt nyutdanna sivilarkitekt, oppmoder vi også desse om å søkje.


Vi tilbyr: 
  • Ta kontakt for mer informasjon

Aaland Arkitektkontor AS held til i Stryn sentrum og er eit rådgjevande arkitekt- og ingeniørselskap, som driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg og arealplan. Selskapet har i dag 8 tilsette og utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt.

Vi står ved eit skifte og trenger ein ny dagleg leiar som også er sivilarkitekt. Vår oppdragsmengde er aukande. Vi skisserer, prosjekterer, modellerer og utarbeider komplette anbodsgrunnlag for både private og offentlege aktørar. Våre oppdrag er gjerne knytt til arkitektur for seg, eller i kombinasjon, og ofte også i samanheng med fleire andre fagfelt, som t.d. plan, konstruksjon, VVS, elektro og fornybar energi.