Enivest søkjer Nettverksingeniør.

Detaljer

Publisert:
15.07.2020
Sted:
Førde, Sogn og fjordane
Kategori:
IT & telecom
Fagområde:
IT-driftskonsulent
Ansettelsesform:
Heltid
Referansenummer:
201298072
Søknadsfrist:
2020-08-16
Kontakt:
Daniel Dvergsdal
Telefonnummer:
+4740021564
Enivest AS er eit breibandsselskap i sterk positiv utvikling som arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester innanfor internett, datakommunikasjon, TV, lagringsteneste, telefoni med meir.

Vi er 50 tilsette fordelt på hovudkontor i Førde og avdelingskontor på Sandane. Målt etter tal kundar og omsetnad er Enivest AS den største IKT verksemda i Sogn og Fjordane.

Enivest er i spennande utvikling og vi har ledig ei stilling som:

NETTVERKSINGENIØR

Ønskjer du å være med å drifte regionens største ISP-Nettverk?

Som nettverksingeniør i Enivest skal du være med på å overvake, drifte, utvikle og vedlikehalde kjerne-nettverket vårt.

I samband med auke i oppdragsmengd er vi på jakt etter ein dyktig medarbeidar til vår avdeling i Førde.

Stillinga er fast, og inngår i eit team på 8 personar i avdelinga "Nett og tenester", ei avdeling som består av totalt 15 personar.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikling, drift, konfigurering og planlegging av datakommunikasjonsløysingar for internett, IP-VPN, L2-VPN, QOS og multicast/IPTV.
  • Planlegging, konfigurering og leveranse av routerar, svitsjar, kundeutstyr mm.
  • Deltaking i Enivest si vaktordning for beredskap og nettovervaking.

Ønskje om kompetanse/kvalifikasjonar innan eit eller fleire av desse områda:

  • Høgare teknisk utdanning (ing./siv.ing). Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Fordel med kjennskap til Cisco IOS, IOS XR, MPLS, BGP, Multicast, IPv4 og IPv6.
  • Optisk transport.
  • Kompetanse eller erfaring med sikkerheit og drift av store nettverk.
  • Interesse for å utvikle deg innan nye teknologiar.
  • Linux/UNIX kompetanse.
  • Script- og programmeringskunnskap.
  • Førarkort klasse B (reiseverksemd må påreknast).
Du samarbeidar svært godt med andre og du er ein pådrivar for utveksling av kunnskap, erfaringar og informasjon for å bidra til felles måloppnåing for avdelinga.

Enivest tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Hektiske og spennande arbeidsdagar i eit dynamisk og inkluderande miljø.
Vi er på jakt etter deg som er engasjert, initiativrik og som har lyst til å utvikle deg vidare i ein spennande bransje.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar;
Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564.

Søknad vert behandla konfidensielt, også i forhold til oppdragsgjevar dersom dette er ønskje.

Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.