Kunde- og marknadskonsulent - Voss.

Publisert:
13.06.2018
Ansettelsesform:
Full time
Kontakt:
Yngvild Hjetland
Telefonnummer:
93855766

Detaljer

Publisert:
13.06.2018
Sted:
Voss, Hordaland
Kategori:
Kundeservice
Fagområde:
Kundeservicemedarbeider
Ansettelsesform:
Full time
Referansenummer:
201154999
Søknadsfrist:
2018-06-25
Kontakt:
Yngvild Hjetland
Telefonnummer:
93855766

Beskrivelse

Voss Fiber er Voss sin største fiberleverandør, med over 3000 kundar i privat- og bedriftsmarknaden i Voss kommune. Me byggjer og drifter fibernett, og leverar internett, tv og telefoni som Get-partner. Sidan starten i 2013 har me hatt stor vekst, og i dag er me 5 tilsette med kontor på Voss.

Me søkjer no ein kunde- og marknadskonsulent som kan driva med problemløysing og rettleiing for kundar i ulike kanalar. Stillinga vil inngå i Voss Fiber sitt kundesenterteam som vert bygd opp i tida som kjem. Ein del av arbeidsoppgåvene er meirsal av Voss Fiber sine produkt på inngåande telefonar, meirsal på eksisterande kundar og moglegvis sal mot nye kundar.

Som kunde- og marknadskonsulent vil du også vere ansvarleg for marknads - og kundeundersøkingar, e-DM, nyheitsbrev og anna marknadsrelatert arbeid.

Ynskte kvalifikasjonar

  • Du har tidligare arbeida med kundeservice og er eit utprega servicemenneske som brenn for å hjelpa andre med deira problem. Du har gjerne òg erfaring med meirsal.
  • Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og god kommunikasjons- og formidlingsevne.
  • Du er flink med bruk av data, og har tidligare arbeid i ulike CRM-system.
  • Du er effektiv og nøyaktig, og trivast med varierte arbeidsoppgåver
  • Du er engasjert og sprer glede rundt deg
Utdanning
Det er ynskjeleg med Bachelorgrad innan marknadsføring, økonomi eller liknande. Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.

Me tilbyr
Me tilbyr ein spennande arbeidskvardag med gode utviklingsmoglegheiter
Me meiner at me har eit engasjerande og inkluderande arbeidsmiljø. Hjå oss vil du få vere med på utvikling av eit selskap i sterk vekst. Me tilbyr konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår og ei fast 100 % stilling.
Arbeidsstad er Voss.

Har du fleire spørsmål kan du kontakte Yngvild Hjetland i Randstad på telefon 93855766. Grunna kort søknadsfrist kallar me inn til intervju undervegs.