Salgs -og personalkonsulent.

Publisert:
01.03.2019
Ansettelsesform:
Heltid
Kontakt:
Sigrid Anette Førde
Telefonnummer:
+4740021567

Detaljer

Publisert:
01.03.2019
Sted:
Førde, Sogn og fjordane
Kategori:
Salg, markedsføring & reklame
Fagområde:
Selger
Ansettelsesform:
Heltid
Referansenummer:
201206495
Kontakt:
Sigrid Anette Førde
Telefonnummer:
+4740021567

Beskrivelse

Er du effektiv, målbevisst og en skikkelig "fighter"? Likar du å jobbe hardt og ha ansvar? Har du en imøtekommande og hyggeleg framtoning? Då er DU den vi leitar etter når vi no vurderer å styrke teamet vårt med ein ny kollega! Dette er en fast 100% stilling

Du vil bli ein del av eit fantastisk team som dekker heile Sogn og Fjordane, og som saman med dine kollegaer vil ha som hovudoppgåve å ta fylket vidare med inn i framtida!

­­

Vi håpar at du

  • har godt humør, og har lyst å ta del i eit team med mykje latter og dårlege vitsar
  • er god til å prate med folk, og får folk rundt deg til å føle seg vel.
  • er effektiv, og gir av deg sjølv
  • er lærevillig og arbeidslysten
  • har verkeleg lyst til å stå på, lykkast og å gje det vesle ekstra i dei situasjonane som krever det
  • er ein lagspelar. Hjelper og ber om hjelp!
  • taklar eit høgt arbeidstempo, og å halde hovudet kaldt
  • har innstillinga: «Nei er ikkje eit alternativ!»
  • er opptatt av og god på smil, service og salg!
  • er påliteleg og ærekjær

Nokre av arbeidsoppgåvene er

  • Salg av Randstad sine tenester ut mot kunder med bruk av ulike salgsmetodar
  • Rekruttering ved bruk av Randstad sine interne metodar
  • Intervju, referansesjekkar, presentasjonar og oppfølging
  • Oppfølging av eksisterande kundar og vikarar i området
  • Administrative oppgaver knytta til rekruttering, bemanning og omstillingsprosessen
Lurer du på kva dine framtidige kollegaer tenker om det å jobbe i Randstad? Her kjem deira tankar:

Kva er det som er morsomt/interessant med jobben din?

«Jobben er gjevande, sosial og gjer at du får arbeide med alle type mennesker. Kvar dag er «ny», og du kjem i kontakt med personar med ulike utfordringar og interessant bakgrunn. Det er ein fantastisk følelse å kunne bidra til at andre oppnår draumen om jobb, og det er gjevande å kjenne på at ein hjelper lokalt næringsliv til å lykkast i det dei er god på.»

Kvifor har du valgt å jobbe i Randstad avd Sogn og Fjordane?

« I mitt tilfelle var det heilt tilfeldig at eg havna her. Eg kom inn som ny i området og arbeidssøkande. Eg tenkte ikkje at eg med min bakgrunn kunne passe til noko slikt, men Randstad såg potensialet mitt og matcha meg til jobben. Skulle eg måtte velge på nytt no når eg veit kva jobben innebærer, hadde eg valgt det samme. Kontoret sin største styrke er arbeidsmiljøet. Det er mykje humor, latter og tull, men og dønn alvor og profesjonalitet når det kreves. I denne jobben vert du god på mange områder gjennom nye utfordringar heile tida. Du får ein fleksibel kvardag kor du kan kombinere familieliv og jobb på ein god måte. Dette er ein bransje kor alt går i høgt tempo. Eg får utfordre meg, og det likar eg.»

Kva kvalifikasjoner er viktig for å lykkast i denne stillinga?

"For å lykkast i denne stillinga er det ein fordel om du er godt kjendt med deg sjølv. Du må ha høg arbeidskapasitet, og samtidig evne å koble av når situasjonen tillater det. Det er ein nødvendigheit å kunne kommunisere på engelsk, men «OK» engelskkunnskapar er godt nok. For å lykkast må ein være positiv, glad i mennesker, like eit hektisk tempo og på same tid brenne for lokal utvikling og næringsliv. Dette er ein jobb som gir ekstremt mykje tilbake til den enkelte om ein klarar å ta mogelegheitane som kjem og å tilpasse seg ansvaret og tilliten som vert gitt.»

Kva får vedkommande som startar i Randstad Sogn og Fjordane?

«Gode kollegaer i eit levande og energisk miljø. Mogelegheita til å skape seg eit breitt nettverk i fylket, og på same tid oppnå stor personleg vekst. Ein får og utvikla sine eigne leiareigenskapar, og ikkje minst kjenne på ekte meistringsfølelse.»

Interressert?
Kan du og huka av for våre ynskjer for vår framtidige medkjempar, og ser at oppgavene verkar interressante? Har du lyst å få oppleve følelsen av å gratulere mennesker som har vore arbeidsledig ei stund med ny jobb? Brenn du for, og har lyst til å være med å utvikle næringslivet i heimfylket ditt vidare? Vi kan tilby deg mogelegheita til alt dette, og litt til!

Ta kontakt med Salssjef Sogn og Fjordane, Sigrid A. Førde, på 400 21 567 eller e-post: rekruttering.forde@randstad.no om du har spørsmål til stillinga. Alle Søknadar blir behandla fortløpande.

For å søke følganvisninga til høgre, og registrer deg hos oss her!

Informasjon om vår integritetspolicy finn du her!