Fresvik Produkt AS ser etter vår nye Administrasjonskoordinator.
Er du strukturert, ryddig, trivst med høgt tempo og ønskjer å utvikle deg fagleg? Då kan dette vere stillinga for deg.
Som administrasjonskoordinator i Fresvik Produksjon får du jobbe i ei hjørnesteinsbedrift med lokalt eigarskap og med korte beslutningsvegar. Her får du jobbe saman med dyktige kollegaer som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling.
I starten vil dei viktigaste arbeidsoppgåvene vere det som fell under rekneskap og administrative oppgåver, eksempelvis behandling av bilag, fakturering, lønn, etc. Du vil få ansvaret for resepsjonen og du vil være ein viktig støttefunksjon for resten av kontoret.
Stillinga vil bli tilpassa personlege kvalifikasjonar, og du vil få stor påverknad på korleis din arbeidskvardag vil bli. For rett person er det store moglegheiter for personleg utvikling, samt gode karrieremoglegheiter internt i bedrifta.
For å lukkast i stillinga ser vi for oss at du har høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, og gjerne har erfaring innan merkantile fag. Annan relevant utdanning og erfaring vil også blir vurdert.
Som person har du glød og arbeidslyst og likar utfordringar. Du er resultatorientert og har stor stå-på-vilje. I tillegg er det alltid ein fordel om du har godt humør og er serviceinnstilt :)
Kva kan vi tilby deg?