I over 40 år har
Jølster Bygg og Interiør bygd hytter på vestlandet.
Vår erfaring og kunnskap, kombinert med nøye utvalde samarbeidspartnarar og kjende underleverandørar, gjer at kundane våre kan vere trygge på at rett produkt- og framgangsmåte vert nytta i det klimaet kunden ønskjer å bygge hytte.
Kanskje viser det seg at standardiserte løysingar ikkje held mål for å skape den løysinga kunden vil ha. Vi tilpassar difor kvart prosjekt i detalj. Vårt ansvar som forvaltar av
"hyttedraumen" for våre kundar er eit ansvar vi tek på alvor, og som vi alltid siktar på å oppfylle!
"Da ska gjerast skikkeleg"For at ei hytte skal vare og varme i fleire generasjonar, må den vere tilpassa det vestlandske klimaet. Vi ser etter deg som deler vår grunnverdi om å levere kvalitet i alle ledd, og er lidenskapeleg opptatt av godt
handverk.
Ein arbeidskvardag hos Jølster Bygg og Interiør:Som
Produksjonsmedarbeidar hos Jølster Bygg og Interiør skal du arbeide med produksjon av møblar og innreiing til våre eigne hytter, og til andre hytteprodusentar. I tillegg til hytteinteriør produserer vi også kjøkken, bad og anna innreiing til privathus. Alt blir på ein god og effektiv måte. Du har god struktur i arbeidet ditt, og orden i verktøy og anna utstyr. I arbeidet vil ein dagleg bruke CNC maskin. Denne har standariserte program og full opplæring vil bli gitt. Du vil også få opplæring på lakkavdelinga der ein arbeider med måling, lakkering og oljing av delar til møblane.
Jølster Bygg og Interiør skal vere leiiande leverandør av hytter tilpassa naturen på
Vestlandet. Gjennom lokal tilknytning til regionen, solid fagkunnskap og fleksible løysingar skal vi
levere møblar og hytter kunden vil ha.Kva kan vi tilby deg? - Ein aktiv og variert arbeidskvardag i eit godt forankra fagmiljø
- Tilgang til bruk av gode digitale hjelpemiddel ihht prosjektstyring, HMS og kvalitetssystem
- God opplæring slik du er trygg i jobben som du skal utføre
- Gode vilkår knytt til forsikring- og pensjonsordningar
- 5 veker ferie
Din profil- Faglig tyngde: Relevant utdanning og arbeidserfaring
- Kvalitet: Du tek HMS og kvalitetsarbeid på alvor
- Lærevillig: Du følger utviklinga, held deg oppdatert i faget og har lett for å lære deg nye digitale ressursar
- Personlige egenskaper: Du har evne til å samarbeide godt med andre, og du har "auge for detaljar"
- Språk: Gode språkferdigheiter i norsk, så vel skriftleg som muntleg
Om dette høyrast interessant ut håpar vi at du vil søkje på stillinga.
Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564, eller E-post: daniel.dvergsdal@randstad.no.