Nortronik er ein erfaren totalleverandør innan brannsikkerheit. Gjennom eit bredt kontaktnett og gode kunderelasjonar, er selskapet å regne som ein etablert aktør i bransjen, med ei kundeportefølje i stadig vekst. Vi ønskjer no å utvide teamet i Førde med ein ny prosjektingeniør.
...
Vi ser etter deg som vil ta aktiv del i vår ambisjon om å vere ein livsløpspartnar for alle interessentar tilknytt oss, og som kan bidra til å sikre dine og våre verdiar for framtida. Vår visjon er å vere det naturlege valet innan brannvern. I tråd med vårt verdisett er det å være punktlig, ærlig og til å stole på, eigenskapar vi verdset.
Som prosjektingeniør vil du vere tilknytt vårt hovudkontor i Førde. Her byggjer vi ei ny kontorfløy, der ingeniørane skal få sitte samla i nye moderne cellekontor. Du blir del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, med kjekke kollegaer som heiar på kvarandre - samtidig som vi kjempar internt for å vere best. Per i dag er vi tre prosjektingeniørar og to prosjektleiarar som jobbar tett saman med resten av bedrifta. Som prosjektingeniør har du ansvar for store og små prosjekt, og du får følge prosjekta frå start til slutt. Sjølv om du blir del av eit team på 6 personar er det ein fordel at du trivs med sjølvstendig arbeid. Hos oss er det kort veg frå beslutning til handling, då vi har lokale eigarar som er sterkt delaktig i dagleg drift.
Arbeidsoppgåvene vil bestå av:
- Utarbeide kalkulasjonar og dokumentasjonspakkar
- Prosjektere og designe løysingar basert på akseptert tilbod og gjeldande lovverk
- Tilpasse løysingar ut i frå kundens ønskje, krav og kost/nytte
- Teknisk teikning
- Bistå sal- og prosjektgruppa med tekniske avklaringar, moglegheiter og løysingar
- Teknisk oppfølging mot prosjektleiar, kunde og leverandør
- Løpande dialog med kundar, leverandørar og kollegaer
Kvalifikasjonar
For stillinga som prosjektingeniør er det ei forutsetning at du som søkjar kan vise til relevant høgare utdanning på bachelor-nivå eller teknisk fagskule. Vidare er samarbeidsevner og erfaring som kan bidra til å styrke og opprettholde vår kompetanse, profesjonalitet og attraktivitet i markedet høgt verdsatt. Det vil det være viktig å ha gode kommunikative evner på norsk og engelsk, munnleg såvel skriftleg. Nortronik ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga, og vi oppfordrar alle med den rette faglege kompetansen til å søkje.
Kva kan vi tilby deg?
- Ein solid arbeidsplass med sunn og god økonomi
- Tverrfaglig miljø der dine kollegaer har god faglig kompetanse
- Ein god onboardingsprosess for å sikre dine føresetnadar for å lukkast i jobben
- Kurs og kompetanseutvikling/utveksling - våre tilsette får tilbod om kursing i eigen regi, så vel frå eksterne tilbydarar
- Muligheit for ei hybrid arbeidsform i tilknyting hovudkontor i Førde
- Konkurransedyktige vilkår knytt til løn, pensjon- og forsikringsordningar
Nortronik jobbar aktivt for å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet vårt. Vi legg til rette for sosiale samankomstar minimum to gongar i året. Då skal det vere låge skuldre og opplading til neste spennende utfordring som gjeld. Tidlegare har vi blant anna køyrd RIB, besøkt andre kontor, og ved spesielle anledningar har vi reist til utlandet. Vi set stor pris på engasjementet og viljen til å strekke seg det lille ekstra for kunden og kollegaer. Sjølv om vi håpar at du ser på oss som ein familie nummer to, så veit vi at det ofte er eit vel så viktig AS som skal driftast på heimebane. Difor strekk vi oss langt for å tilpasse oss ulike behov ved ferieavvikling, og i arbeidskvardagen for øvrig.
Vi skal tryggje nasjonale og internasjonale skattar- og verdiar - Vil du vere med på reisa saman med oss?
Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, og overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje.
Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Regine Gausemel på tlf: 954 40 058
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.