Nortronik er ein erfaren totalleverandør innan brannsikkerheit. Gjennom eit bredt kontaktnett og gode kunderelasjonar, er selskapet å regne som ein etablert aktør i bransjen, med ei kundeportefølje i stadig vekst. Vi ser at tida no er inne for å tilsetje ein dyktig prosjektkoordinator i ei nyoppretta stilling.
...
Som prosjektkoordinator får du ansvar for å koordinere tverrfaglige prosjektteam og sikre kundeleveransar i verdsklasse. Vi ser etter deg som vil ta aktiv del i vår ambisjon om å vere ein livsløpspartnar for alle interessentar tilknytt oss, og som kan bidra til å sikre dine og våre verdiar for framtida. Vår visjon er å vere det naturlege valet innan brannvern. I tråd med vårt verdisett er det å være punktlig, ærlig og til å stole på, eigenskapar vi verdset.
Korleis kan ein arbeidskvardag vere?
Som prosjektkoordinator vil du vere tilknytt vårt hovudkontor i Førde. Du vil bli del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, med kjekke kollegaer som heiar på kvarandre - samtidig som vi kjempar internt for å vere best. Du vil få overordna ansvar prosjektleiarar- og ingeniørar. Per i dag er vi seks stykk, der fem har kontorstad i Førde, medan ein sit i Ålesund. Hos oss er det kort veg frå beslutning til handling, då vi har lokale eigarar som er sterkt delaktig i dagleg drift.
Arbeidsoppgåver vil bestå av:
- Planlegging og koordinering av oppdrag saman med prosjektleiar / ingeniørar
- Oppfølging av framdrift i prosjekt
- Ressursplanlegging
- Økonomisk oppfølging og rapportering
- Bestilling/innkjøp og ajourhold av nødvendige deler og utstyr til prosjekt
- Utvikling av nye- og eksisterande kundeforhold, samarbeidspartnarar og underleverandørar
Kvalifikasjonar
For å lukkast i denne rolla ser vi for oss at du har høgare utdanning på bachelor-nivå. Relevant erfaring kan sjølvsagt kompensere for manglande formell utdanning. Det vil vere ein fordel om du har erfaring med koordinering, og at du har god økonomisk forståing. I stillinga som prosjektkoordinator vil det være viktig å ha gode kommunikative evner på norsk og engelsk, munnleg såvel skriftleg.
Kva kan vi tilby deg?
- Ein arbeidskvardag med prosjektarbeid- og prosjektportefølje som må seiast å vere i særstilling i regionen, så vel i bransjen.
- Ei sentral rolle i selskapet - brei kontaktflate både internt i selskapet og eksternt i marknaden
- Ein god onboardingsprosess for å sikre dine føresetnadar for å lukkast i jobben
- Kurs og kompetanseutvikling/utveksling - våre tilsette får tilbod om kursing i eigen regi, så vel frå eksterne tilbydarar
- Muligheit for ei hybrid arbeidsform i tilknyting hovudkontor i Førde
- Konkurransedyktige vilkår knytt til løn, pensjon- og forsikringsordningar
Nortronik jobbar aktivt for å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet vårt. Vi legg til rette for sosiale samankomstar minimum to gongar i året. Då skal det vere låge skuldrar og opplading til neste spennende utfordring som gjeld. Tidlegare har vi blant anna køyrd RIB, besøkt andre kontor, og ved spesielle anledningar har vi reist til utlandet. Vi set stor pris på engasjementet og viljen til å strekke seg det lille ekstra for kunden og kollegaer. Sjølv om vi håpar at du ser på oss som ein familie nummer to, så veit vi at det ofte er eit vel så viktig AS som skal driftast på heimebane. Difor strekk vi oss langt for å tilpasse oss ulike behov ved ferieavvikling, og i arbeidskvardagen for øvrig.
Vi skal tryggje nasjonale og internasjonale skattar- og verdiar - Vil du vere med på reisa saman med oss?
Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Regine Gausemel på tlf: 954 40 058
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.