Med utspring frå Breim i Nordfjord - mellom fjord, fjell og bre, finn du PocketID.
Vår kjerneverksemd er forankra i eit ønskje om å forenkle og effektivisere bruk av ID- og tilgangskontroll for kundar i privat og offentleg sektor.
Med PocketID - får ein samla ID og tilgangskontroll på mobilen.
Kort og godt, ingen kort.
...
- Smart, ikkje sant?
PocketID opplever betydeleg vekst, og i haust tel vi over 150 000 unike brukarar av tenestene våre.
Dette er svært kjekke tal å kunne vise til, men vi er samtidig klar over at marknaden vår er langt større. Vi er difor på jakt etter ein dyktig salgsrådgjevar til laget vårt. Stillinga vil spele ei viktig rolle i PocketID si satsing mot bedriftsmarknaden. Sentrale arbeidsoppgåver vil vere å auke tilfang av nye kundar gjennom engasjerande kundekommunikasjon, nytenkjande salgsinnsats og profesjonell rådgjeving. Stillinga vil samarbeide tett saman med, og rapportere til salgssjef.
For den rette kandidaten vil det vere moglegheit for tilknyting til verksemda via kontorfelleskap i Oslo, men det er forventa at salgsrådgjevar også er til stades ved hovudkontoret på Breim - i slike tilfeller må det påreknast reiseverksemd.
I PocketID verdset vi individuelle personlege eigenskapar og kvalitetar, med ein fellesnemnar om å skape eit dynamisk og samarbeidsorientert arbeidsmiljø. Vi håpar at du har interesse for teknologiutvikling, og eit ønskje om å vere med å skape noko nytt. PocketID er ofte å sjå på nettverk- og bransjetreff, messer og andre arrangement, og som salgsrådgjevar får du i samspel med andre kollegaer representere selskapet i front på desse arenaene. Vi ser for oss at du kan ta aktiv del i veksteventyret, og bidra til å bygge ein solid salgskultur- og organisasjon, saman med oss.
Bli ein del av PocketID
- Kva kan du forvente deg?
- Som salgsrådgjevar får du jobbe tett saman med salgssjef i jakta på nye kundar og marknadssegment
- Ein god onboardingprosess for å sikre dine føresetnadar til å lukkast i jobben
- Reiseverksemd - som salgsrådgjevar vil du tilbringe delar av arbeidsdagen på vegen og i kundemøter
- Tilgang til moderne og nyoppussa kontorfasilitetar på Breim, såvel PEAK i Førde.
- Tilgang til strukturerte arbeidsverktøy og bruk av effektive systemer i arbeidskvardagen
- Muligheit for fagleg utvikling, og kompetanseheving gjennom kursing og tverrfagleg samarbeid
- Konkurransedyktige vilkår knytt til løn, pensjon- og forsikringsordningar
Ønskjer du å ta aktiv del i våre ambisjonar om eit fantastisk veksteventyr? Søk då, vel!
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.