salsrådgjevar

regine gausemel, randstad
omfang
fast
søk nå

om stillingen

arbeidsgiver
Enivest AS
arbeidssted
førde, vestland
kategori
IT
sektor
Privat
omfang
fast
stilling
Fulltid
kontakt
regine gausemel
telefon
+4795440058
e-post
regine.gausemel@randstad.no
søknadsfrist
30.01.2022
søk nå

stillingsbeskrivelse

Er du ein dyktig relasjonsbyggjar med lidenskap for gode kundeopplevingar?


Enivest har passert godt over 20 000 kundar. I tråd med vår nye visjon sterkare band, ønskjer vi no å knytte sterkare band til kundane våre med ei ny satsing. Vi har herved gleden av å presentere ei ny avdeling i Enivest, Sal og Oppfølging.

I avdeling Sal og Oppfølging satsar vi på proaktivt arbeid ut mot nye og eksisterande kundar. Vi skal fokusere på aktiv kundeoppfølging og reisevirksomheit ut på besøk til kundane våre.
Er du ein seljar? Innehar du konkurranseinstinkt, er sjølvgåade, og ikkje minst; Har du ein skikkelig vinnarskalle?  Då oppfordrar vi deg til å søkje og delta i denne spennande nysatsinga!

Vi søkjer deg som er lidenskapeleg opptatt av sal- og kundebehandling, har eit stort konkurranseinnstinkt og som har eit ønskje om å vidareutvikle deg i ein spennande bransje.

Du vil i stor grad få ein variert arbeidskvardag, og du vil ha muligheit til å både jobbe sjølvstendig, såvel som saman med verdas beste kollegaer i team.
I periodar vil du ha heile Sogn og Fjordane som arbeidsplass!

Saman med kundesenteret skal vi skape gode kunde opplevingar, enten via telefon eller på besøk ute hos kunde. Vi skal vere der det skjer, på festivalar, arrangement og på stand. Det blir konkurransar på meirsal og nysal.
 

Kvifor skal du velje oss?

  • Vi er eit lokalt selskap i vekst, med ei utvikling som du kan vere med å påverke
  • Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg team
  • Du får gode moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og personleg
  • Du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø og eit team som hjelper kvarandre
  • Du får spennande og hektiske arbeidskvardagar
  • Vi har konkurransedyktige vilkår
  • Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar
Som breibandsleverandør eig og driftar Enivest samfunnskritisk infrastruktur og tenester. Dette er eit ansvar vi tek på alvor, og vi er stolte av å kunne vise til ei stabil drift- og tenesteyting til våre kundar i privat og offentleg sektor. Som Salsrådgjevar i Enivest får du muligheit til å vere med på å auke kundetilfredsheit, og du vil vere kundens røyst til Enivest!


Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje. Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje. 

Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Regine Gausemel tlf: 95440058, eller på epost: regine.gausemel@randstad.no

Om arbeidsgiver

Enivest er ein regional internettleverandør som har 20.000 privatkundar og 2.500 bedriftslinjer. På privatmarknaden leverer vi 18.000 kundar på fiber, og resterande kundar blir leverte på radio og DSL. Vi tilbyr breiband og tenester til både private, bedrifter og det offentlege. Gjennom distribusjonsavtale med Telia leverer vi Norges beste TV-tilbod.Enivest står i dag som ein betydeleg og framtidsretta aktør med levering av breiband via fiber som hovudprodukt.Årleg knyt vi ca. 2500 nye privatkundar til Enivest sitt fibernett. Målet vårt er at så mange som mogleg av bebuarane og bedriftene i Sogn og Fjordane området skal bli med inn i den digitale framtida.