teknisk sjef

daniel dvergsdal, randstad
omfang
fast
søk nå

om stillingen

arbeidsgiver
TINE SA Avd Byrkjelo
arbeidssted
byrkjelo, vestland
kategori
Industri og produksjon
sektor
Privat
omfang
fast
stilling
Fulltid
kontakt
daniel dvergsdal
telefon
+4740021564
e-post
daniel.dvergsdal@randstad.no
søknadsfrist
05.12.2021
søk nå

stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å vidareutvikle TINE Meieriet Byrkjelo?


TINE Meieriet Byrkjelo søkjer etter ein dyktig og engasjert leiar til ei spennande stilling som Teknisk Sjef. Som teknisk sjef har du ansvar for vedlikeholdsavdelinga med totalt 21 tilsette. Teknisk Sjef har direkte personalansvar for 4 tilsette. Stillinga rapporterer direkte til Meierisjef, og inngår i anlegget si leiargruppe. Vi søkjer etter ein leiar som skapar ein kultur som vil, skapar tilsette som kan og er ein leiar som får det til å skje. 
 
Vi står saman om å få til eit best mogeleg anlegg, og er stadig på utkikk etter forbetringsmogelegheiter. Vedlikeholdsavdelinga er ein serviceinstitusjon for heile anlegget. Vi prioriterer forebyggande vedlikehold, då dette er nødvendig for å ha ei god og stabil drift.
 
Teknisk Sjef har budsjett- og personalansvar. I stillinga ligg det ansvar for å organisere og leie løpande forebyggande vedlikehold, slik at vi sikrar optimal driftstilgjengelegheit på maskiner, prosessar, teknisk utstyr, bygg og anlegg.
 
TINE Meieriet Byrkjelo er ei spennande bedrift i stadig utvikling. Vi ser etter deg som er god til å finne løysingar, som evnar å få med deg folk, og som ynskjer å bli med TINE inn i framtida.

Har du lyst til å jobbe med nokre av landets mest kjende og kjære merkevarer og bidra til at vi saman skapar eit levande Noreg?


Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for at avdelinga vert driven etter gjeldande krav innan HMS og kvalitet
  • Sørge for god planlegging av vedlikehold og optimal bruk av avdelinga sine ressursar
  • Personaloppfølging og utvikling
  • Overordna ansvar for prosjektering og gjennomføring av investeringsprosjekt
  • Budsjett- og resultatoppfølging
  • Sikre god kommunikasjon i eiga avdeling og godt samarbeid med øvrige avdelinger 


Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med høgare utdanning innan tekniske fag, må minimum ha teknisk fagskule eller annan relevant fagkompetanse
  • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå prosess- og produksjonsindustri
  • Leiarerfaring
  • Erfaring med prosjektrelatert arbeid er ein fordel
  • Generelt gode IT-kunnskapar


Personlege eigenskapar

  • God motivator og teambyggjar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Dyktig til å planleggje og organisere
  • Kunne ta initiativ, sette i verk aktivitetar og ta raske avgjerder
  • Arbeide effektivt under press
  • Godt humør og stå-på-vilje


Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit fullautomatisert produksjonsmiljø
  • Mogelegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Godt arbeids- og fagmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad 
 
Vi tek bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysninger som framgår av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast ikkje utan samtykke frå søkjaren og aktuelle søkjarar vil motta nærare informasjon om dette.
 

Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje.
Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje. 

Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Ved spørsmål angåande stillinga kan rekrutterar Daniel Dvergsdal kontaktast på
tlf: 400 21 564, eller E-post: daniel.dvergsdal@randstad.no.

Om arbeidsgiver

TINE Gruppa er en av Norges største næringsmiddelbedrifter og leverandør av kjente merkevarer som Jarlsberg, Norvegia, Biola, YT og TINE Yoghurt. TINE eies av 11 000 melkebønder i samvirke, og vår forretningsidé er å foredle rene og naturlige råvarer til god og sunn mat. Det skal vi gjøre i nært samspill mellom natur, landbruk, forbrukere og handel. TINE har meierier over hele landet i tillegg til flere norske og utenlandske hel- og deleide datterselskaper, som bl.a. Diplom-Is, Wernersson Ost i Sverige og Norseland Inc. i USA. TINE Gruppa har ca. 5400 ansatte og en omsetning på ca. 23 milliarder kroner.