Voss Sparebank skal opna kontor i det gamle flotte bankbygget i gågata i Odda. Til dette kontoret søkjer me ein engasjert og relasjonssterk rådgjevar for privatkundar. Dette er ein sjeldan sjanse for deg som gjerne har bakgrunn frå bank, kjenner regionen godt og ynskjer å vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av.
Om stillinga
Brenn du for personleg økonomi og gode kundeopplevingar? Kommuniserer du godt med andre menneske? No har du ein sjeldan sjanse til å få jobb i Voss Sparebank sitt nye kontor i Odda som rådgjevar for privatkundar innan kreditt, forsikring og sparing.
...
Ansvarsområde
- Arbeida proaktivt for å få inn nye låne- og forsikringskundar.
- Fylgja opp eige kundeportefølje på telefon, e-post, video og i fysiske møter.
- Kredittvurdera kundane og gje lån innanfor definerte fullmakter og regelverk.
- Vera ein økonomisk sparringspartnar for kundane ved å gje råd om sparing, forsikring, pensjon og personleg økonomi.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Du har eit brennande engasjement for personleg økonomi og kunderelasjonar.
- Du har arbeidsrøynsle og utdanning som er fagleg relevant.
- Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjonsløpet for kreditt, skadeforsikring, livsforsikring og sparing/plassering.
- Du er truverdig, kompetent og skapar tillit hjå kundane.
- Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.
- Du er oppteken av nøyaktig og godt arbeid, utan at det går ut over effektiviteten.
- Du ynskjer å skapa resultat og godt omdøme for banken.
Me tilbyr
- Arbeidsplass i eit nyrenovert og historisk bygg midt i Odda sentrum.
- Konkurransedyktige vilkår.
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
- Mange gode kollegar i Voss Sparebank.
Oppstart og tilsetjing
Planlagt opning av kontoret er sommar/haust 2027. Estimert oppstartstidspunkt for stillinga er i god tid før opning og etter avtale.
Søknad
Er du den me leitar etter? Send inn din søknad saman med CV så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg.