I Alver kommune trur vi på utvikling gjennom samarbeid, tydelege val og vilje til å sjå moglegheiter. No søkjer vi ein plan- og utviklingssjef som vil vere med og setje retning for korleis kommunen vår skal utvikle seg vidare.
Du får leie eit fagleg sterkt tenesteområde og ha ei nøkkelrolle i planarbeidet. Stillinga har ansvar for både private og offentlege planar, og er sentral i utviklinga av Alver som ein attraktiv kommune for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Dette er ei stilling for deg som trivst med ansvar, relasjonar og komplekse spørsmål. Du må kunne kommunisere godt på tvers av ulike interesser, og omsetje utfordringar til retning, framdrift og resultat.
Dette skal du jobbe med
Som plan- og utviklingssjef får du ein sentral posisjon i samfunnsutviklinga i Alver. Du har det overordna ansvaret for tenesteområdet og skal sikre kvalitet og berekraftig framdrift.
Hovudoppgåver:
... - Leie og vidareutvikle tenesteområdet for plan og utvikling.
- Ha overordna ansvar for planarbeidet og sikre gode prosessar i arbeid med private og offentlege planar.
- Vera ein sentral fagleg og strategisk rådgjevar for leiinga og politisk nivå.
- Leggje til rette for god dialog med næringsliv, innbyggjarar, politikarar og utbyggjarar.
- Bidra til heilskaplege vurderingar der samfunnsutvikling, arealbruk, berekraft og tenesteutvikling heng godt saman.
For å lukkast i rolla ønskjer vi at du:
- Har relevant høgare utdanning innan til dømes samfunnsplanlegging, arealplanlegging, arkitektur, juridiske fag eller andre relevante område.
- Har erfaring frå planarbeid, samt god forståing for offentleg forvaltning og samspelet mellom fag og politikk.
- Har dokumentert leiarerfaring, minimum på teamleiarnivå, og fortrinnsvis frå offentleg forvaltning.
- Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar og fagmiljø.
- Kommuniserer trygt og tydeleg, byggjer relasjonar og skapar tillit både internt og eksternt.
- Er løysingsorientert med solid gjennomføringsevne i komplekse saker.
- Er initiativrik, driv utviklinga framover and ser nye moglegheiter.
Kvifor arbeide hos oss?
I Alver kommune får du meir enn ei leiarstilling. Du får høve til å påverke utviklinga av ein kommune med ambisjonar, vekst og stort engasjement.
- Ei sentral leiarrolle i utviklinga av Alver kommune.
- Leie eit svært kompetent tenesteområde der de finn gode løysingar saman.
- Tett samarbeid på viktige strategiske og politiske prosessar.
- Moglegheit til å setje varige spor i eit arbeid som har ekte betydning for folk og stader.
- Stor fleksibilitet og tillit til å styre eigen kvardag, inkludert gode ordningar for heimekontor, samt tette bussamband til Knarvik.
Søknadsfrist: 12.august
Vi gjer merksemd på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleggjering, jf. offentlegheitslova § 25.
For meir informasjon om stillinga, kontakt Randstad Professional:
Senior Advisor Mona Vervik mobil: 408 70 309 / e-post: mona.vervik@randstad.no
Senior Advisor Stine Flø Riksheim mobil: 982 95 179 / e-post: stine.riksheim@randstad.no
Stillingstittel: Plan- og utviklingssjef
Sektor: Samfunnsutvikling, Alver kommune
Rapporterer til: Kommunalsjef Samfunnsutvikling
Arbeidsstad: Knarvik/Frekhaug