møt teamet i randstad førde.

Teamet består av to rådgjevarar. Vi har solid kompetanse og erfaring, og vil gje deg tryggleik og stabilitet gjennom heile rekrutteringsprosessen. Vår tette kontakt med arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane vil vere med å gjere oss til din foretrukne samarbeidspartnar.

bli kjent med oss.

ekstra fokus på spesialist- og lederrekruttering.

Lederrekruttering er den mest kritiske rekrutteringa ei verksemd skal gjennomføre. Lederrekruttering og rekruttering til nøkkelposisjonar krev difor eit ekstra fokus. Randstad Sogn og Fjordane har dedikerte rådgjevarar spesialisert på rekruttering og tilbyr leiande kvalitetssikring i søk og selekteringsprosessen når di verksemd ønskjer bistand innan lederrekruttering og search. 

Vi tilbyr skreddarsydde løysingar for rekruttering av leiarar og nøkkelpersonell. Suksess for oss er når kandidat og kunde saman oppnår suksess.


 

møt noen av våre dyktige rådgivere.

Daniel Dvergsdal

profilbilde av daniel dvergsdal

Teamleder

Daniel er autorisert rekrutterar for bruk av AON (tidligere Cut-e) sine evne- og personlighetstestar (Adept-15, Shapes, Views). Han utdanning innan markedsføringsledelse frå Handelshøyskolen BI, med spesialisering som gjeld bedriftsutvikling for små og mellomstore bedrifter. Som rekrutteringsrådgjevar har han erfaring frå heile rekrutteringsprosessen, frå kravspesifisering til gjennomføring av intervjuer, seleksjon, search og testing. Daniel er ein erfaren rekrutterar til stillingar innan leiing, og på spesialistnivå. Han er opptatt av å ivareta tett dialog med kunde og kandidat undervegs i rekrutteringsprosessen, såvel etter tilsetting for å kvalitetssikre prosessen, og sjå til at alle partar er nøgde.

regine gausemel

profilbilde av regine gausmel

Salgs- og personalkonsulent

Regine har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon med spesialisering innan marknadsføring og har fleire års erfaring innan sal og administrasjon. Ho legg vekt på å byggje sterke relasjonar med kundane sine og set seg grundig inn i deira behov. Regine arbeider hardt for å finne den rette kandidaten som kan møte desse behova. Ho har omfattande erfaring gjennom heile rekrutteringsprosessen – frå utforming av kravspesifikasjonar til gjennomføring av intervju og seleksjon. Regine er no på veg til å bli sertifisert i AON sine evne- og personlegheitstestar, noko som vil styrkje hennar evne til å evaluere kandidatar grundig og nøyaktig.

vi gleder oss til å høre fra deg!

du finner oss her