Vi søker journalistar til trivselsfylket!.

Detaljer

Publisert:
13.11.2020
Sted:
Førde, Sogn og fjordane
Kategori:
Media
Fagområde:
Journalist
Ansettelsesform:
Heltid
Referansenummer:
201313371
Søknadsfrist:
2020-12-13
Kontakt:
Daniel Dvergsdal
Telefonnummer:
+4740021564
Vi i Randstad Sogn og Fjordane er på utkikk etter journalistar til både vikariat og faste stillingar!

Vår kunde held til sentralt i Trivselsfylket og vi ynskjer å kome i kontakt med deg som anten saknar tilbake til heimlege trakter, eller ynskjer å flytte på deg for å få oppleve ein særs spennande arbeidskvardag i verdas vakraste rammeverk.

Vår kunde er tilknytt eit større mediekonsern med verksemd på kryss og tvers av fylkesgrensa. Ikkje minst er kunden vår ein respektert aktør på lokalt nivå, som nyt anerkjennelse både internt og ekstern i bransjen.

Kven er du?
Arbeidet som journalist forutset høg grad av profesjonalitet og integritet, gode samarbeidsegenskaper, samt høg grad av autonomi i arbeidsoppgåver. Du er initiativrik, nysgjerrig og “alltid” på søken etter journalistiske poeng i alle samanhengar.

Som journalist får du moglegheit til å være med å dekke nyheitsbilete i regionen, men samstundes også friheit til å “drive fram” dine eigne nyheitssaker.

Integritet ovanfor eiga rolle, og det samfunnsansvar som medfølger yrket står sentralt. Det vert satt volumkrav til eigen produksjon, men dette skal på ingen måte gå ut over krav til innhald eller kjeldekritisk arbeid.

Er du ei kreativ sjel, men samstundes evnar å sjå omverda med eit granskande blikk ei rasjonell haldning har vi arbeidsplassen for deg.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer deg som har teft, vilje og kompetansen til å lukkast som journalist.
  • Du er god til å samarbeide, og utvikle idear saman med andre.
  • Fagutdanning innan områder journalistikk, språk eller samfunn er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Kjennskap til- og/eller interesseområder innan politikk, næringsliv eller sport/idrett kan være ein fordel.
  • Nynorskbrukar- og forkjempar, skriveglede og interesse for språk.
  • God formidlingsevne ihht å forklare kompliserte problemstillingar via tekst, bilete og video.
  • God systemforståelse og erfaren brukar av ulike dataverktøy i arbeidssamanheng.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar;
Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564.

Søknad vert behandla konfidensielt, også i forhold til oppdragsgjevar dersom dette er ønskje.

Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.